Fast grunn under føtene

– Det gir eit heilt anna bilete å stå i lokala på denne måten, seier Erik Furnes

Torsdag 7. mai kom betongelementa. Fredag 8. mai var ImF-leiar Erik Furnes invitert på kaffe i ImFs nye administrasjonbygg.

– Det ser veldig bra ut, seier han, sjølv om byggkompetansen er relatert til andre byggmateriale.

– Eg har arbeidd mest med treverk, ikkje så mykje betong og støyp, seier Erik Furnes mens han freistar i å halda varmen ved hjelp av kaffekoppen.

Den kaffen var servert at formann i Straume Forum, Atle Våge.

– Me er så godt som i rute, berre ein dag etter skjema, seier ein nøgd «byggesjef».

Det betyr at alt reis-arbeidet i stål og betong skal vera avslutta juni 2015. Då ventar innearbeid fra 1. august og ut juni neste år, før siste etappe med klargjering til innflytting hausten 2016.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.